VM-sølv til Johannes

0,4 sekund bak den franske vinnaren etter ein særs spennande innspurt

Sølv Johannes Thingnes Bø er nøgd med VM-sølvet under jaktstarten søndag  Foto: Ragnar Singsaas Photography

New Articles

Det vart ein særs spennande jaktstart under VM i Anterselva søndag. Johannes Thingnes Bø bomma under første skyting og fekk tidleg avstand til russiske Alexandr Loginov som skaut både raskt og feilfritt på dei første tre skytingane.

Russaren så lenge ut til å ta eit nytt VM-gull fram til han bomma på siste skyting og måtte ut i strafferunde. Då smatt både Johannes og franske Emilien Jacquelin forbi. Derfra og ut vart det veldig spennande.

Johannes leia jaktstarten på eit tidspunkt men slapp taktisk forbi franskmannen før det som vart ein særdeles spennande innspurt.

Eit lite feilskjær med eine skia gjorde at Johannes mista momentum, noko som kan ha betydd av gullet glapp for Johannes som gjekk i mål 0,4 sekund bak franskmannen. Russiske Aleksandr Loginov tok bronsemedaljen.

- Eg fekk avslutninga slik eg skulle, men eg kjem på eit veldig glassert parti og då står eg plutseleg på éi ski i tre meter. Eg trur eg kunne ha passert han der og då kunne det ha sett annleis ut, forklarte Johannes til NRK.

- Kanskje hadde eg ikkje vunne likevel, men han skaut feilfritt og vinn fortent. Eg er godt nøgd med løpet, stadfesta Johannes.

Bror Tarjei Bø gjekk inn på ein 6. plass.