Rv 15 Strynefjellet: - Ein totalt uhaldbar situasjon

Rv 15 Strynefjellsvegen har vore stengt minst 13 gongar så langt i vinter. Bildet er frå strekninga som er mest utsett for snøføyke, Breiddalen ved inngangen til Oppljostunnelen.  Foto: Gunnhild Sindre

New Articles

Rv 15 Strynefjellsvegen var i helga stengt igjen. Vegen vart stengt fredag, laurdag var det ei periode med kolonnekøyring før vegen vart stengt igjen på ettermiddagen. Natt til søndag og søndag føremiddag var det stengt igjen. Dermed vart det ei ny helg der trafikken måtte gå om Romsdalen.

- Ein heilt uhaldbar situasjon, seier Svein Sunde i Gode vegar AS.

- Dette skaper ein umogeleg konkurransesituasjon for nærlingslivet, både transportnæringa og kollektivtransporten.

Ny, lang tunnel frå Skåre til Breiddalen vil løyse mykje av problema når det gjeld Rv 15 Strynefjellsvegen. Dette vil eliminere verste verstrekninga samstundes som ein kjem unna dei rasfarlege strekningene.

- Regjeringa Solberg vedtok i juni 2018 denne nye tunnelen. No må det løyvast pengar til å gjennomføre bygginga snarast mogeleg, seier Svein Sunde.



Nordfjordordførarane med klar tale:

– Strynefjellet først

– Eg kan ikkje sjå at det er tvil om at vi har prioritert Strynefjellet først, seier ordførar Per Kjøllesdal, som stiller seg noko undrande til kritikken som har kome i høve uttalen til NTP frå Nordfjordrådet.



Gode vegar om Nordfjordrådet sin uttale til NTP:

- Prosjekta omtala på ein måte som kan tolkast i mange retningar



Sven Flo kritisk til Nordfjord-ordførarane sin fellesuttale til NTP:

- Fryktar uttale set E39 og rv15 Strynefjellet på spel

Stryn formannskap gjorde torsdag vedtak om å stille seg bak ein felles uttale frå Nordfjordrådet om NTP. Dette får Sven Flo (H) til å rase. 



Inviterer til dialogmøte om Nasjonal Transportplan 2022-2033:

Kjem Rv 15 Strynefjellet med denne gongen?

Fylkesordføraren i Vestland inviterer til dialogmøte om innspel til Nasjonal Transportplan ((NTP). Eitt av dei store spørsmåla for folk i nordre deler av fylket er om ny tunnel på Rv 15 Strynefjellet kjem med i NTP denne gongen.



Vogntog står fast på Strynefjellet

Fleire tyngre køyretøy står fast ved Grasdalstunnelen på riksveg 15