Verdenscup:

Bø x 2 på pallen

Siger for Johannes under verdscupen i Nove Mesto

Begge Bø-brørne på pallen Det vart pallplassering for begge Bø-brørne etter verdscupen i skiskyting i Nove Mesto. Her etter sigeren i Mix-stafetten i Anterselva.   Foto: Sondre Eriksen Hensema Photograp NSSF

New Articles

Det vart siger til Johannes Thingnes Bø etter eit fantastisk løp i tjekkiske Nove Mesto fredag kveld. Han gjekk i mål for tomme tribunar 22.8 sekund føre franske Quentin Fillon Maillet.

Tarjei Bø skaut seg endeleg tilbake på pallen med 3-plassen.

Med verdscupsigeren fredag tek Johannes Thingnes Bø inn viktige poeng på Martin Fourcade som tok 6-plassen fredag.

NRK sine kommentatorar Andreas Stabrun Smith og Ola Lunde var henrykt over Johannes sitt løp.

- Han er verdas beste skiskyttar, stadfesta dei

Johannes Dale tok 9-plass, medan verdscupdebutant Sturla Holm Lægreid skaut fullt hus og tok til slutt ein 13-plass.

Løpet gjekk for tomme tribunar grunna koronaviruset.