Kjempeløp av Markane IL-løparen

Oskar Guddal Breivik berre fattige sekund unna pallplass under NM i Folldal

Sprint Oskar Guddal Breivik i drivet for Markane IL under NM i Folldal laurdag   Foto: Margrethe Garlid

New Articles

Markane IL-løparen Oskar Guddal Breivik enda på ein sterk 5. plass under NM i sprint laurdag. Det vart hard kamp om 3. plassen der Oskar gjekk i mål berre 3,5 sekund bak siste pallplass i klassa M 18.

I same klasse gjekk og Bendik Vereide frå Stårheim IL og Stryn vgs som enda på 13-plass.

Jens Henrik Hegg frå Vik Il / Stryn vgs tok 14-plassen medan Ask Haughovd frå Stårheim IL / Stryn vgs tok ein 28-plass.