Norsk stafettgull

Bø-brørne sikra sigeren i Nove Mesto

Ny stafettsiger Bø-brørne var begge med i stafettsigeren i Nove Mesto laurdag. Her frå mix-stafetten i Anterselva som og enda med gull.  Foto: Ragnar Singsaas

New Articles

Som det norske kvinnelaget gjorde før dei, vann også det norske herrelaget skiskyttarstafetten laurdag i tjekkiske Nove Mesto. Begge Bø-brørne var i aksjon saman med Vetle Sjåstad Christiansen og Johannes Dale.

Det vart ikkje den heilt store spenninga, då Ukraina gjekk inn til andreplass 38,2 sekund bak det norske laget.

Sverige slo såvidt Russland i kampen om tredjeplassen. Frankrike, som var ein av favorittane, skaut seg bort og enda på ein 15-plass.

Tarjei Bø, som gjekk tredjeetappe, leverte ein feilfri liggande serie og auka leiinga ytterligere ned til konkurrentane.

Johannes Thingnes Bø fekk såleis ein enkel jobb på siste etappe, men dobbeltsikra likevel sigeren med feilfri skyting.