På pallen igjen

- Det har vore ei god helg, fastslår 17-åringen som vart norgesmeister fredag. Laurdag steig ho opp på pallen igjen

Gjer det skarpt: Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim (17) frå Hardbagg IL har tatt både gull og bronse under NM i Folldal  Foto: Margrethe Garlid

New Articles

Hardbagg IL-løparen Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim kunne juble over tittelen som norgesmeister etter fellesstarten i K18-klassa under junior NM i Folldal fredag.

Laurdag var det sprint og 17-åringen gjekk inn til 3. plass og ei ny pallplassering.

- Det har vore ei god helg, det har det. Forma er ganske bra no, fastslår Gunn Kristi på telefon frå Folldal.

Ho har sett fram mot norgesmeisterskapet og har trena og førebudd seg godt.

- Eg hadde eit mål om å gjere det bra under NM, og då er det veldig kjekt at det slår til. Eg hadde egentleg ikkje høge forventningar, seier ho.

Skiskyttarane frå Stryn har hatt eit tett program i Folldal og søndag er det stafetten som står for tur. Litt feiring har det likevel blitt tid til.

- Maren Hjelmeset Kirkeeide tok også medalje, så vi feira med litt kake i går, seier ho.

Trass i sin unge alder har det vekse seg fram ambisjonar for skiskyttartalentet.

- Eg går jo landslinja i Stryn og får trent godt der. Eg tenkjer etterkvart å flytte til Lillehammer å satse vidare, så får vi sjå, seier ho.