Verdscup i Nove Mesto

Raske ski og ny siger for Johannes

Trass tre bom, gjekk Johannes suverent først i mål under fellesstarten

Gjorde det igjen Johannes Thingnes Bø vann fellesstarten under verdscupen i Nove Mesto søndag. Her er han under jaktstarten i Anterselva.  Foto: Ragnar Singsaas

New Articles

Som så mange gongar før, gjekk Johannes Thingnes Bø først i mål, denne gong under 15 kilometers fellesstart under verdscupen i Nove Mesto. For tomme tribunar gjekk han i mål over 15 sekund føre franske Emilien Jacquelin på 2-plass og tyske Arnd Peiffer på 3-plass.

Norske Erlend Bjøntegaard sikra seg 5-plassen føre lagkamerat Johannes Dale på sjette. Vetle Sjaastad Christiansen vart nummer sju, medan Tarjei Bø enda på 10-plass.

Johannes vann med tre bomskot, medan franskmannen på 2-plass skaut feilfritt. Det betyr at det gjekk veldig raskt i sporet for stryningen som gjekk i frå feltet alt før første skyting.

Johannes poengterte sjølv at det gjekk særdeles raskt i sporet då han snakka med lokale medier etter løpet.

- Eg merka raskt at eg fekk ei luke på dei andre, så vi hadde veldig gode ski i dag. Eg er veldig nøgd med både eigen innsats og dei andre nordmennene sin innsats, sa han.