I dag kan Johannes vinne verdscupen

Samanlagtsiger? Johannes Thingnes Bø kan sikre seg samanlagtsigeren i verdscupen for andre år på rad.  Foto: Sondre Eriksen Hensema NSSF

New Articles

Laurdag går siste individuelle renn i verdscupen i skiskyting i finske Kontiolahti. Om resultata går Johannes Thingnes Bø sin veg kan han sikre seg den andre verdscupsigeren samanlagt for andre år på rad.

Torsdag tok 26-åringen sin fjerde strake siger og den tiande på 16 startar denne sesongen då han vann sprinten.

No kan han altså stikke av garde med samanlagtsigeren i verdscupen, trass i at han stod over fleire renn i januar då han og kona venta born.

Thingnes Bø må bli blant dei fire beste dersom franskmannen Martin Fourcade skulle vinne laurdagens jaktstart. 21 sekund er forspranget Thingnes Bø har på Fourcade på jaktstarten.

Tarjei Bø, som ligg på 4. plass i verdscupen, startar som nummer fem, 34 sekund bak Johannes.