Pause i langstengingane på Panoramavegen

Arbeidet med tunnelane på Flo og Blakset held fram, men er prega av situasjonen knytt til koronaviruset.
New Articles

Per no er det drift på alle delar av prosjektet, men noko redusert aktivitet over alt.

Fv. 5742 Panoramavegen har dei siste månadane vore stengt i lange periodar på dagtid i samband med tunneldrifta ved Blakset, men desse stengingane vart avslutta tidlegare denne veka.

– Når det igjen vert innført faste stengingar av vegen veit vi ikkje. Situasjonen kan endre seg frå dag til dag, alt etter som karantenereglane blir stramma inn eller mjukna opp frå sentralt hald, seier Tytingvåg.