Slutt på dei lokale karantenereglane for reise innanlands

Opphevar karantenereglar: Marius Solbakken er mellom kommuneoverlegane i tidlegare Sogn og Fjordane som innførte lokale karantenereglar. No vert desse oppheva med verknad frå og med søndag 22. mars.  Foto: Gunnhild Sindre

New Articles

Søndag 15. mars fatta kommuneoverlegar i dei fleste kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane vedtak om at personar som hadde hatt opphald i ni namngjevne fylke i Norge, måtte vere i karantene i 14 dagar etter innreise til kommunen. No melder kommuneoverlegane at vedtaka vert oppheva med verknad søndag 22. mars.

- Då vedtaket vart fatta var det eit lågt smittepress i vår region, og vi såg det som vårt ansvar å gjere alt vi kunne for å halde det slik så lenge som mogeleg. Det har også vore viktig å beskytte sjukehusa våre og det lokale helsevesenet i kommunane mot smitte så lenge som mogeleg, seier kommuneoverlege i Sunnfjord, Øystein Furnes, i pressemeldinga.

-Vedtaka har vore ei forsterking av tiltak som allereie var sett i gong nasjonalt, og vi har sett at dette har hatt ein god effekt både gjennom sjølve karantenereglane, men også gjennom ei auka merksemd omkring alle dei tiltaka vi alle må gjere i kvardagen vår. Det har vore gjort slike vedtak i mange kommunar i landet, og tiltaka har ført til at mange bedrifter har måtta gjort tilpassingar i drifta utover det som dei nasjonale vedtaka har ført til, står det vidare i pressemeldinga.

Etter lova har vedtaket ei varigheit på sju dagar, og ei eventuell forlenging av vedtaket må vurderast ut ifrå noverande utbreiing av koronaviruset og dei faglege råda frå Folkehelseinstituttet.

- Folkehelseinstituttet si vurdering er no at lokale vedtak om karantene ved reise innanlands ikkje lenger vil ha den effekten vi ønskjer oss. Vi har difor ikkje funne grunnlag for at kommunane skal forlenge dei vedtaka som vart gjort, heiter det i pressemeldinga.

Ein oppmodar samstundes alle om å ha stort fokus på smitteverntiltak i tida som kjem, og alle vert oppmoda til å reise minst mogeleg og ta omsyn til kvarandre med å halde avstand og ha stort fokus på handhygiene.