Helsing frå ordførar og varaordførar i Stryn:

- Vi kjem gjennom dette saman

New Articles

(Innlegget vart først delt på Facebook)

"Til innbyggarane våre

Ei veke har gått sidan vi sette i gong sterke restriksjonar både i Stryn kommune og landet elles. Vi har lyst å seie det med det same: Vi er stolte av alle dykk som gjer ein fantastisk innsats i Stryn desse dagar!

Det har vore hektisk for mange. Helsevesenet vårt har teke utfordringa. Dei har gjort seg klar slik at vi står rusta til å møte pandemien på ein best mogleg måte. Kommunelegen vår, Marius har vist at han er oppgåva verdig, og har løyst oppgåvene på ein framifrå måte.
Ute på einingane våre har vi dyktige folk som kvar dag gjer ein viktig og uvurderleg jobb.
I skular og barnehagar er det langt stillare enn vanleg. Berre eit fåtal ungar er der no. Lærarar og barnehagetilsette fylgjer opp barn og ungdom gjennom heimeundervisning. Stor takk til dei som no gjer ein uvurderleg innsats for at borna våre skal få undervisning og ein så bra kvardag som mogleg.

Diverre fører korona med seg permitteringar og ein vanskeleg situasjon for mange av bedriftene våre. Det er ei krevande tid for mange. Vi jobbar for å legge best mogleg til rette for at alle skal vere med når situasjonen normaliserer seg og bedrifter kan opne att. Dette både gjennom lokale tiltak og gjennom dialog og påverknad oppover i det politiske systemet.
Så langt sender vi våre varmaste tankar til dei som no går ei usikker framtid i møte.
Vi vil også gje NAV sine tilsette her lokalt honnør i desse tider. Dei har fått ei stor oppgåve å løyse, og vi veit at dei jobbar lange dagar og kveldar no, for å legge forholda til rette på beste måte.

Rundt omkring i heimane er det mange foreldre som no driv både barnehage og skule. Det er krevande. Barn og unge er også med på den store dugnaden. Det viktige no er at vi skjermar dei sårbare gruppene våre og at vi legg til rette for at helsevesenet får hjelp til å klare seg gjennom dei neste månadane. Difor alle barn, ungdom og foreldre: Takk for at de hjelper oss i denne dugnaden!
Det er også kome mange som har meldt seg til teneste framover. Både folk med helsefagleg bakgrunn og andre. Det set vi stor pris på og det kjem til å bli heilt naudsynt.

Tusen takk til alle som bidreg for å halde hjula i gong. Mange fleire kunne vore nemnt, både dei som er på jobb og dei som av ulike grunnar må sitje heime.

Strynesamfunnet har klart seg gjennom mange kriser før. Vi er eit folkeslag som er vande til å stå opp for kvarandre og hjelpe til der det trengs. Det skal vi gjere denne gongen og. Vi kjem gjennom dette saman.

Meld gjerne tilbake om det er noko de ynskjer at vi skal vite eller prøve å gjere noko med.
Til slutt håpar vi alle har det bra, held seg friske og tek godt vare på seg sjølv og kvarandre.

God helg"!

Beste helsing


Per og Torstein
Ordførar og varaordførar