Ytterlegare to med påvist koronasmitte i Stryn

Truleg smitta i Sør-Europa og har vore i karantene sidan dei kom heim.
New Articles

Stryn kommune melder på sine sider laurdag ettermiddag at nye to tilfelle av koronasmitta er påvist i Stryn.

- Begge har vore på reise i Sør-Europa og har vore i karantene sidan dei kom til Stryn. Dei er no i heimeisolering. Status for perioden 11. mars til 21. mars er at 10 personar i Stryn kommune har fått påvist koronavirus, står det på kommunen si statusoppdatering laurdag.

I følgje informasjonen på nettsida melder Helse-Førde om redusert analysekapasitet fordi det er nasjonal mangel på testutstyr.

- Difor vil innbyggjarane i Stryn kunne oppleve redusert mogelegheit for å utføre testar i ein periode. Vi har til no god oversikt over smitta og nærkontakter, sidan folk som er i risiko for å vere smitta er flinke til å følge karantenereglane.

Kommunen kjem også med ei klar oppfordring om at ein i tida framover rettar seg etter karantenereglane slik at ein får eit lågast mogeleg smittepress i Stryn.

- På den måten kan vi oppretthalde ei best mogeleg helseteneste, for både korona-pasienter og alle andre i den krevjande tida vi no har framfor oss.

Dei første smitta i Stryn Kommune er også friskmeldt denne veka.

- Dei er ikke lenger smitteførande, og skal oppføre seg som andre som ikkje er i karantene, står det på kommunen si heimeside.