Akutt tannbehandling for koronasmitta

Tannhelsetenesta har laga eit eige opplegg for koronasmitta med behov for akutt tannbehandling.

Sogn og Fjordane tannlegeforeining, Vestland tannhelseteneste, Bergen tannlegeforening og Universitetet i Bergen har inngått samarbeid om akuttbehandling av personar med påvist eller mistanke om koronasmitte.   Foto: Gunnhild Sindre (arkiv)

New Articles

Med bakgrunn i koronasituasjonen har Vestland tannhelseteneste, Bergen tannlegeforeining, Sogn og Fjordane tannlegeforeining og Universitetet i Bergen (odontologisk klinikk) inngått samarbeid om akutt behandling av personar med påvist eller mistanke om koronasmitte.

Akuttbehandlinga skal gå føre seg på nokre av fylkeskommunen sine offentlege tannklinikkar.

Det er oppretta éin akuttklinikk i det mest befolkningsriket område i Vestland. Dette er Sørås tannklinikk i Bergen. Elles kan tannhelsetenesta oppretta akuttklinikkar ad hoc i kommunane i Vestland ved behov frå koronapasientar, opplyser fylkeskommunen på sine nettsider.

Ikkje møt opp utan avtale

Om du får ein akutt tannskade og er påvist eller har mistanke om at du er koronasmitta, er det tannlegen din som skal vurdere om skaden må få umiddelbar behandling. Tannlegen skal så ringe til akuttklinikken avtale time for tilrettelagt akuttbehandling der.

Pasientar må ikkje møte opp utan avtale, sjølv om dei får ein akutt skade.


All ordinær tannbehandling avlyst

All ordinær tannbehandling ved dei offentlege tannklinikkane er avlyst inntil vidare. Men dei fleste tannklinikkane kan ta imot friske pasientar som har behov for akutt tannbehandling.