Braut smittevernlova:

Festen kosta koronasmitta 20.000 kroner

Vest politidistrikt utsteda måndag eit førelegg på 20.000 kroner til ein privatperson for brot på smittevernlova §4.3.

Illustrasjonsfoto  Foto: Bengt Flaten

New Articles

Førelegget blei gitt etter at vedkommende braut lovpålagt isolasjon etter påvist smitte av covid-19, og oppsøkte ein fest natt til søndag. Politiet har i helga etterforska saka og avhøyrt fleire personar, opplyser politiet i ei pressemelding måndag ettermiddag.

Av omsyn til personvern ønskjer ikkje Vest politidistrikt å gi ytterlegare detaljar om hendinga, som alder, kjønn eller kvar i politidistriktet hendinga skjedde.

Dersom bot ikkje blir betalt risikerer personen 40 dagar fengsel.

- Vi håpar folk skjønar alvoret i situasjonen landet står i og innrettar seg etter gjeldande lover, regler og retningslinjer, seier påtaleleiar i Vest politidistrikt, Gunnar Fløystad, i pressemeldinga.

50 oppdrag i helga
Vest politidistrikt har i helga registrert 50 oppdrag relatert til korona. Politiet har i utgangspunktet ei førebyggjande rolle for å hjelpe innbyggjarar og verksemder å førebyggje smitte.

- Politiet forheld seg til sentrale lover og forskrifter. Sjølv om folks oppførsel ikkje er direkte straffbar, kan vi av smittevernomsyn pålegge folk å bryte opp samankomstar eller andre aktivitetar som kan utgjere auka smittefare. Dersom innbyggjarane ikkje følgjer politiet sine pålegg, kan dette vere straffbart. Men vi forsøker i all hovudsak å jobbe førebyggjande og gi god vegleiing til innbyggjarane der vi kan, seier stabssjef Kjetil Øyri som har det operative ansvaret i Vest politidistrikt i samband med koronahandtering.

Bruk sunn fornuft
- Politiet kan ikkje fastsetje eit tal for kor mange som kan møtast privat og oppfordrar den einskilde til å bruke sunn fornuft og sjølv føreta ein nøktern vurdering om kva som er forsvarleg. Råd og retningslinjer frå helsemyndigheitene er førande og politiet kan til ei kvar tid gripe inn for å ivareta allmennheita si sikkerheit, skriv politiet vidare i pressemeldinga.

- Klare lovbrot vil bli forfulgt. Det er gjort klart av riksadvokaten av lovbrot som inneberer brot på bestemmelsar som skal bidra til å redusere smitterisiko skal prioriterast. Vi kjem difor også framover til å ta brot på smittevernlova som er straffesanksjonert på største alvor, seier Fløystad.