Volda sjukehus:

To nye har testa positivt på koronasmitte i Volda

Samstundes er ein koronapasient sendt heim frå sjukehus til karantene

  Foto: Svein Aam / Møre-Nytt

New Articles

- To personar har testa positivt for koronavirus i Volda, opplyser Volda kommune måndag.

Det eine smittetilfellet er knytt til den første personen som testa positivt. Den andre som har testa positivt har blitt smitta i Norge, opplyser kommunen i ei pressemelding.

- Volda kommune kjem ikkje til gjere vedtak om eigne karantenegrenser. Alle må opptre på ein slik måte at ein sjølv ikkje vert smitta og ikkje smitta andre, heiter det i pressemeldinga frå Volda kommune.

Samstundes er ein person som hadde testa positivt på korona, utskriven frå Volda sjukehus etter to dagar.

- Personen som vart innlagt med korona i førre veke, friskna raskt til, og kunne utskrivast laurdag, fortel Knut Nautvik, leiar av lokal krisestab på Volda sjukehus til Møre-Nytt

Pasienten hadde vore sjuk ei tid etter å ha kome heim frå Austerrike 7. mars.

- Vi vurderte det slik at personen kunne sendast heim i helga, i staden for å liggje her. Det er jo ei lita gladmelding midt oppe i det heile. Sjølv om ein er så sjuk av korona-viruset at ein treng sjukehusopphald, kan ein friskne til raskt. Personen er no i heimekarantene, seier Nautvik til avisa.

Dagsrapporten frå Folkehelseinstituttet (FHI) måndag syner at totalt 2.371 personar er stadfesta smitta i Norge, medan 10 er døde.