Volda kommune:

140 har testa seg for koronasmitte i Volda

Venter svar på 21 nye prøver
New Articles

Volda kommune melder at om lag 140 personar er testa i Volda til no. Blant desse har tre testa positivt.

- Det vil seie at det ikkje er påvist nye smitta sidan i går, men det er framleis 21 prøver som vi ikkje har fått svar på. Det er strenge retningsliner for kven som kan testast, så dette gir ikkje eit rett bilete på kor mange som er sjuke, skriv Volda kommune i ei pressemelding tysdag.

Kommunen stadfestar at smitta er i lokalmiljøet og den enkelte må ta situasjonen alvorleg.

- Situasjonen er uoversiktleg på landsbasis då viruset er svært smittsamt, og mange kan ha det utan å kjenne særlege symptom, skriv kommunen som bed folk følge dei grunnleggjande råda for å unngå å verte smitta sjølv og unngå å smitte andre.

- Unngå reising og hald deg mest mogleg i ro, reduser direkte sosialkontakt, hald minst 1 meter avstand til andre og vask hendene ofte, skriv kommunen som oppmodar folk til å vere særleg merksam på at det kan vere smitte på kontaktflater som mange tek på i butikken eller der du fyller drivstoff.

- Det er viktig at butikkane, bensinstasjonane og liknande informerer godt og legg til rette for at folk kan skjerme seg og sprite hendene. Det vil vere uansvarleg om ein berre går inn i butikken utan å halde avstand til andre og følgje råda for personleg hygiene, skriv kommunen.

Kommunen legg vidare vekt på viktigheita av å vere fysisk aktiv.

- Men pass på at du ikkje går på turar som kan medføre risiko for å belaste hjelpeapparatet. Vidare må du passe på å halde avstand til andre også når du er ute i friluft. Hygienetiltaka gjeld også her, stadfestar kommunen som opplyser at dei ikkje vil stenge kommunale leikeplassar.

- Men vi oppmodar sterkt om at ein organiserer leik for så få om gongen at ein kan halde minimum 1 meter avstand, skriv dei.

Volda kommune skriv vidare at dei gir nødvendig helsehjelp til dei som treng det.

- Men vi er framleis takksam for at ein viser omsyn og ikkje tek kontakt med legetenesta om ting som kan vente. Ein kan avtale legetime for nødvendig helsehjelp. Legekontoret er todelt der det er oppretta eige legekontor for pasientar med luftvegsjukdomar ved helsestasjonslokalet på Øyra skule.

Volda og Ørsta har legevaktsamarbeid på kveld for at ein skal ha to legar på vakt og høve til å skilje pasientar med luftvegssymptom frå pasientar med andre behov, framgår det av meldinga.

Politisk leiing i kommunen vil i dei næraste dagane ta ein ringerunde til bedriftene for å høyre korleis dei opplever situasjonen og for å kartleggje behov som kommunen kan bringe opp til sentrale myndigheiter.

Kommunen oppmodar dei som er sjuke eller er i karantene, til å ta kontakt med frivilligsentralen som kan organisere hjelp å handle varer om dei ikkje har andre som kan gjere dette for dei.

- Ta kontakt på telefonnummer 917 25 639 (Volda) og 415 12 813 (Hornindal) skriv kommunen.

Kommunen meiner det er viktig å tenkje på at den pågåande krisesituasjonen er mellombels.

- Sjølv om dette varer ei tid, skal vi skal attende til normal situasjon, skriv kommunen som minner om at ved spørsmål om korona kan du ringje kommunen sin informasjonstelefon på tlf: 970 11 773 som er betjent av helsepersonell.

Nasjonal informasjonstelefon
: 815 55 015

- Vi gjentek at auken i talet på smitta og sjuke i Norge den komande tida vil vere avhengig av effekten av tiltaka som er sett i verk og om innbyggjarane etterlever råda som vert gitt.