Stryn Røde Kors hjelpekorps:

- Ikkje tida for dei mest utfordrande toppturane

Røde Kors hjelpekorps henta ned ein skiløpar ved Hestefjellsnibba i Stryn.

Hestefjellsnibba/ Sølvberget (1303 MOH) Det populære turfjellet i Stryn sett frå toppen av Natakupa  Foto: Roger Oldeide

New Articles

Ein mann hadde skada eit kne under ein topptur til Hestefjellsnibba/Sølvberget i Stryn fredag og trengte assistanse frå Røde kors. Kenneth Breidablik, som er leiar i hjelpekorpset, rykka ut til mannen med snøscooter som låg nedom det populære turfjellet ved Steindalen i Stryn.

- Vedkomande hadde skada eit kne og sleit med å kome seg vidare, så han vart frakta ned med snøscooter. Veret var blitt ganske dårleg, men det var ikkje ein dramatisk redningsaksjon. Det gjekk bra med mannen, fortel Breidablik.

Leiaren av hjelpekorpset har registrert at det har breidd om seg ein slags "topptur-skam" blant folk i skuggen av koronasmitten, men vil ikkje forsøke å kategorisere kva som eventuelt er ein ok topptur i ei ekstraordinær tid som no.

- Det finns mange trygge skiturar, men det er kanskje ikkje tida for å utfordre seg sjølv og gå dei mest utfordrande turane. Ein må tenkje på at ein kanskje må bli henta ut av fjellet og, seier Breidablik.

Han fortel at under ein redningsaksjon er ein gjerne fleire som må jobbe tett i lag og slik utset ein seg for smitte, både frå andre i hjelpekorpset og den eller dei som treng hjelp.

- Samstundes er det ikkje den beste tida å bli sendt på sjukehus, seier han.

Breidablikk legg til at Røde Kors sitt hjelpekorps i Stryn er i beredskap med over 40 aktive personar.

Betydeleg skredfare (faregrad 3) for vår region tysdag og onsdag, melder varsom.no

Hestefjellsnibba/Sølvberget ( 1303 moh) går for å vere ein trygg topptur frå Stryn vinterski, då ein kan unngå skredterreng (30 graders hellingsvinkel eller meir) frå start til topp.


Hovudredningssentralen har oppmoda folk om ikkje å dra på toppturar no.


Hovudredninssentralen:– Utsett toppturen

Hovudredningssentralen i Sør-Norge ber toppturfolk utsette turar som følgje av korona-utbrotet.