Helse- og omsorgstilsett braut karantena og gjekk på fest - fekk 20.000 i bot

Møre og Romsdal politidistrikt har gjeve 20.000 kr i førelegg til ein person tilsett i helse- og omorgsetaten som braut heimekarantene og gjekk på fest hos naboen.  

New Articles

Møre og Romsdal politidistrikt ila tysdag eit førelegg på 20 000,- til ein privatperson for brot på Smittevernlova § 4 - 3, jf. forskrift om karantene, isolasjon og forbod mot opphald påfritidseigedomar m.v.

Politiet opplyser at vedkomande er tilsett i helse- og omsorgstenesta i ei kommune i politidistriktet. Brotet skjedde i privat samanheng.

Vedkomande hadde i perioda 10.-12. mars vore i kontakt med ein person med bekrefta covid-19 (koronavirus), og vart avarbeidsgjevar ilagt 14 dagar karantene.

Dette pålegget braut vedkomande ved å gå på fest hos naboen.

Vedkomande skal ikkje ha vore på arbeid i perioda etter pålagt karantene, opplyser politiet.

Det var vedkomande sjølv som varsla arbeidsgivar om hendinga.