Vogntoget som velta på Strynefjellet er på hjula att

Vogntoget som bles av vegen i Breidalen er på hjula att.  Foto: Webkamera, Statens vegvesen

New Articles

Vogntoget som bles av vegen for deretter å velte over på sida på rv 15 over Strynefjellet måndag kveld er no fjerna.

To bergingsbilar, hjullastar og luftputer vart brukt under redningsaksjonen tysdag, og karane i Jan’s Bilberging var nær ved å ha fullført oppdraget då uveret sette inn på nytt. Bilberginga vart difor utsett til veret vart betre. Etter fleire forsøk på å berge vogntoget lukkast det torsdag.


Strynefjellsvegen stengt

Vindkule la vogntoget over på sida




Ifølgje Vegtrafikksentralen var fjellovergangen stengt medan det vart jobba med å fjerne vogntoget.