Årets Hornindal Rundt avlyst

75 kilometer: Lang rekke opp mot Sætrehornet i Hornindal Rundt. Løpet går over 20 fjelltoppar og 5.600 høgdemeter.   Foto: Kyle Meyr/Hornindal Rundt

New Articles

Arrangøren av ultraløpet Hornindal Rundt ser seg nøydde til å avlyse årets arrangement som skulle gått av stabelen 4. juli. Dermed føyer løpet seg inn i rekkja av avlysingar grunna situasjonen rundt koronaen.

- Vi har hatt møte med smittevernlege, Røde Kors med fleire, og vi har kome fram til at det blir veldig vanskeleg å gjennomføre årets Hornindal Rundt, seier presseansvarleg Svein Otto Espe til Fjordingen. Han seier at det har vore mange spørsmål om det blir løp eller ikkje siste vekene.

- Vi er sjølvsagt lei oss sidan vi må avlyse, men vi siktar oss inn på Hornindal Rundt i 2021, det er ikkje anna å gjere, seier Espe.

I underkant av 150 løparar var påmelde til no. 300-400 løparar har stilt på startstreken løpsdagen siste åra.

Hornindal Rundt går over 38 km eller 75 km. I fjor vart ultraløpet arrangert for tiande gong.