Høyr Radio Stryn si 17. mai-sending her

Roy Aron Brenvik Myklebust og Bengt Flaten leia sendinga 17. mai.  Foto: Ove Andre Aarskog

New Articles

Om du ikkje fekk med deg sendinga på nasjonaldagen, korkje direkte eller reprisen seinare på dag, så har du sjansen her.

Sendinga er fire timar lang, og er det spesielle innslag du er på jakt etter kan sendeplanen under hjelpe deg litt på veg i spolinga.

Fjordingen og Radio Stryn nyttar høvet til å takke for alle flotte bidrag i sendinga og til nettavisa!

(ca-tider)Sendeplan 17. mai i Radio Stryn
10:00Klokkespel og velkomen
10:10Tale ved ordførar Per Kjøllesdal
10:15Dikt 6. klasse Hornindal skule

Kristian Haugen med musikalsk innslag

Tale 10. klasse Hornindal skule
10:30Festgudstenste Nedstryn kyrkje
11:00Tale 7. klasse Rand skule

Song ved Rand skule/barnehage
11:15Fjelli og Blakset med eiga 17. mai-sending på Facebook
11:25Innslag om Blakset Hornmusikk
11:30Stryn musikklag spelar
11:35Endre Bø gjestar studio
12:00Kransepålegging bautaen i Hornindal
12:05Ellivan dikt og song v/ Pål Skarstein, Jarle Skåre, Åge Eide og Ketil F. Hansen
12:15Samtale med Mona og Matias Skrede om 17. mai før og etter krigen
12:30Omsorgssenteret Hornindal. Tale v/ Sverre Leivdal, korpsmusikk
12:40Tale 7. klasse Loen skule

Song småskulen, Loen.
12:50Dikt Asbjørn Berge
12:55Oldedalen blandakor deltek når heile landet syng "Ja, vi elsker".
13:05Amcar-tog Stryn sentrum
13:15Bilkortesje- brannvesenet Hornindal
13:20Tale 7.klasse Tonning skule
13:25Kransepålegging Innvik v/10.klassingar
13:35Song 3.-4. klasse Olden skule
13:40Innslag om 17. mai ved Oppstryn skule
13:50Tale ved Strynerussen
13:55Heis for tog! Direkterapport frå skiheisen på Grotli
14:00Vi takkar for oss.