Får førebels ikkje bruksendring

Synfaring Teknisk utval hadde synfaring i Villa Visnes sin storsal King Oscars Hall, anført av eigar Arne Visnes Berger  Foto: Roger Oldeide

New Articles

Teknisk utval var på synfaring i King Oscars Hall torsdag. Eigar Arne Visnes Berger, som har søkt kommunen om bruksendring av lokala, var vertskap under synfaringa.

Under handsaminga vedtok utvalet tilrådinga frå kommunedirektøren og såleis utsette saka;

- Med heimel i plan- og bygningslova § 13-1 vert det lagt ned mellombels forbod mot tiltak på gbnr.45/108. Det skal gjerast ei grundig vurdering av den antikvariske verdien, og om det skal knyttast føresegner til Villa Visnes innvendig, i pågåande områderegulering for Stryn sentrum. Vedtaket kan påklagast til fylkesmannen.
Klage, som bør grunngjevast, skal sendast om Stryn kommune v/sektorutval for tekniske saker innan 3 veker etter atmelding om vedtak er motteke, heitte det av tilrådinga som vart samrøystes vedtatt.

Meir om denne saka i tysdagsavisa


Eigar av King Oscars Hall:

– Kan ikkje betale meir

– Det er pengane det står på, fastslår eigaren av King Oscars Hall i Villa Visnes