Tropenatt i indre Nordfjord

Det var tropenatt fleire stader i indre Nordfjord. På Ytre Skarstein i Olden vart det målt 21,0 grader som det lågaste i løpet av natta. Bildet er frå Skarsteinsætra.   Foto: Mari Kristine Melheim

New Articles

Det har vore ei varm natt i indre Nordfjord, tropenatt i juni er ikkje kvardagskost.

- I natt var det tropenatt fleire stader i indre Nordfjord. Ytre Skarstein hadde 21,0 gr på det lågaste gjennom natta, fortel statsmeteorolog Geir-Ottar Fagerlid ved Meterorologisk Institutt, sjølv frå Olden.

Om tropenatt

Ei natt med minimumstemperatur på 20,0 °C eller over vert i Norge kalla tropenatt.

Begrepet «tropenatt» har ingenting med tropene å gjere, men er definert som ei natt der den målte minimumstemperaturen ikkje går under 20 grader. Begrepet har vore brukt lenge her til lands og vert også brukt også i Sverige og Finland.

Jorda strålar ut varme(stråling) heile døgnet. Heldigvis mottek jorda også varme fra sola om dagen. Solinnstrålinga fører til at jorda om dagen mottek meir energi enn ho avgir og temperaturen stig. På nattestid er det motsett, og temperaturen går ned.

For å oppnå tropenatt må ein i første omgang ha ein høg dagtemperatur. Videre gjeld det å minske varmetapet om natta. Skyer vil fungere som ei «dyne» ved at dei reflekterer strålinga frå jorda og dermed gjer at jorda ikkje misser så mykje varme på nattestid som ho ville gjort om det var skyfritt.

Kjelde: Meteorologisk Institutt/Yr