Tre sjåførar med for dårleg sikra last

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

New Articles

Statens vegvesen hadde kontroll ved Kjøs bru måndag.

Ein bileigar fekk mangellapp på lastebilen sin på grunn av at han hadde montert lys som ikkje er tillate i henhold til regelverket.

Tre sjåførar måtte sikre lasta på vogntoga sine betre før dei fekk forlate kontrollplassen, eitt vogntog var lenger den det regelverket tillet, og måtte korte inn til lovleg lengde før han fekk køyre frå kontrollplassen, og ein bilførar måtte koble frå semitraileren slik at han fekk smurd svingskiva på lastebilen før han fekk køyre vidare, skriv Statens vegvesen i sin kontrollrapport.

179 køyretøy var innom kontrollplassen.