Nordfjord sjukehus:

Tilsett testa positivt på covid-19

Ein tilsett ved Nordfjord sjukehus har testa positivt på covid-19.  Foto: Helse Førde

New Articles

Ein tilsett ved Nordfjord sjukehus har testa positivt på covid-19. Testane til pasientane som har vore i kontakt med den smitta svenske legen, er så langt negative. Det skriv Helse Førde i ei pressemelding tysdag.

Sist fredag testa ein svensk vikarlege ved Nordfjord sjukehus positivt på koronaviruset. Testresultata for pasientar og tilsette som har hatt nær kontakt med legen blei klare måndag kveld.

Ein sjukepleiar som jobba saman med den svenske legen på ei vakt, har testa positivt. Sjukepleiaren er i heimeisolasjon. Dei som vart sette i karantene før helga er no testa, bortsett frå ein tilsett.




Etter det sannsynlege smittetidspunktet, vakta då sjukepleiaren og legen arbeidde saman, gjekk sjukepleiaren ytterlegare to vakter på sengeposten. Dette gjer at nokre fleire pasientar som var inneliggande på desse vaktene, må isolerast på einerom og testast.

- Arbeidet med å spore pasientar og tilsette som sjukepleiaren har hatt kontakt med, starta i går kveld og held fram utover dagen i dag. Det blir også gjort tiltak for å avgrense ytterlegare smittespreiing, seier direktør for medisinsk klinikk, Trine Hunskår Vingsnes.


Helse Førde endrar testrutinane for utanlandske vikarar

Laurdag opplyste Nordfjord sjukehus at ein svensk vikarlege hadde gått på jobb med koronasmitte. No skal alle vikarar testast ved oppstart.



Hele Førde kan ikkje sjå vekk frå at fleire har blitt smitta og komme til å teste positivt seinare.
Nordfjord sjukehus tek inntil vidare ikkje inn pasientar til nye innleggingar på medisinsk sengepost eller overføring av pasientar frå andre sjukehus.