Nytt tilfelle av korona påvist i Stryn - fleire ventar på svar

Ein person i Stryn kommune har testa positivt på Covid-19, opplyser smittevernlege Marius Solbakken. Personen har vore pasient hos den svenske vikarlegen ved Nordfjord Sjukehus som sist veke testa positivt for koronaviruset (Covid-19).

Smittevernlegekontoret i Stryn kulturhus. Eitt nytt tilfelle av Covid-19 er påvist i Stryn.   Foto: Sigirid Heggestad

New Articles

Det var sist fredag den svenske vikarlegen fekk påvist Covid-19. Legen fekk dei første symptoma torsdagen, og gjekk i karantene umiddelbart. Vedkomande var såleis ikkje i kontakt med pasientar etter onsdag 25. juni.

- I perioden 23. juni og 24. juni har denne legen vore i kontakt med fire pasientar frå Stryn kommune. Pasientane er kontakta av Helse Førde og blitt følgt opp med testing i Stryn. Desse fire pasientane er no i 10 dagars karantene, opplyser smittevernlege Marius Solbakken i Stryn.

Ventar på den siste testen

- Ein person av desse fire nærkontaktene har testet positiv for Covid-19 viruset. Vedkomande har kun lette symptom og er i karantene.To har testa negativt på Covid-19 viruset, seier Solbakken.

Svar på den siste av dei fire testane er venta i løpet av onsdag.

Bebuar ved Vikane Omsorgssenter

Ein bebuar ved Vikane Omsorgssenter har vore innlagd ved Nordfjord Sjukehus i perioden den svenske vikarlegen var på jobb. Sjukeheimar og andre eldreinstitusjonar er spesielt utsette når det gjeld koronavirus, fordi eldre er rekna som ei risikogruppe.

- Denne bebuaren har ikkje blitt vurdert som nærkontakt med legen, men har likevel blitt testa for Covid -19 og vore i karantene. Testresultat kom tysdag, og testen var negativ. Vedkomande vil likevel vere i karantene i 10 dager etter utreise fra sjukehuset, seier Solbakken.

Blir testa etter kontakt med smitta sjukepleiar

Ein sjukepleiar ved Nordfjord sjukehus har også testa positivt for Covid-19 som følgje av at den svenske vikarlegen hadde viruset.

- Tre personer frå Stryn er vurdert som nærkontakt med denne sjukepleiaren. To av desse har testa negativt. Den siste blir testa onsdag 1. juli, seier smittevernlege Marius Solbakken.


Hald fokus på smittevernreglane:

- Ei påminning om kor raskt dette viruset smittar

- Situasjonen med nye tilfelle av koronavirus i distriktet er ei påminning om kor raskt dette viruset smittar, også når ein ikkje har symptom, seier smittervernlege Marius Solbakken i Stryn. Han oppmodar alle om framleis å halde fokus på avstand, handhygiene og å halde seg heime ved sjukdomskjensle.





Helse Førde endrar testrutinane for utanlandske vikarar

Laurdag opplyste Nordfjord sjukehus at ein svensk vikarlege hadde gått på jobb med koronasmitte. No skal alle vikarar testast ved oppstart.