Opna opp att sengepost på Nordfjord sjukehus

Nordfjord sjukehus.  Foto: Bengt Flaten

New Articles

Sengeposten ved Nordfjord sjukehus er i dag opna for mottak av pasientar. Ingen har testa positivt for covid-19 sidan tysdag 30. juni, opplyser Helse Førde i ei pressemelding.

- I tida etter utbrotet har vi drive grundig smittesporing mellom dei som hadde vore i kontakt med dei tre som fekk påvist smitten. Fleire hundre testar er gjort, og det er ei glede å fortelje at samtlege til no har vore negative, seier administrerande direktør Arve Varden.

Etter at ein svensk vikarlege testa positivt på koronaviruset fredag 19. juni, har sjukdomen blitt påvist på ein pasient og ein tilsett.

- Eg beklagar djupt at vi fekk eit slikt utbrot, seier Varden.

Han framhevar arbeidet dei tilsette ved Nordfjord sjukehus har gjort for å stoppe spreiinga av smitten:

- Innsatsen, kvaliteten og vilje som dei har synt, har vore heilt avgjerande for at vi i dag har opna opp att sengeposten. Smittevernarbeidet som har vore gjort i Nordfjord så langt har vore framifrå. Det er no ut til at vi har klart å stoppe smitten.



Alt inntak av pasientar til sengeposten blei stoppa då den svenske legen testa positivt. Pasientane som var innleggande då dette hende, blei isolerte på einerom. Alle desse er frå i dag ute av isolasjon. Dette er årsaka til at det no på ny er opna for å ta imot pasientar. Ti tilsette som blei sette i karantene for å ha vore i nær kontakt med den svenske legen, er no ferdige med karanteneperioden.

- Vi har gått gjennom rutinane våre, og innført fleire tiltak. Det er trygt å komme som pasient til Nordfjord sjukehus, seier Varden.


Covid-19-smitta stryning: - Legen brukte ikkje munnbind

Pasienten frå Stryn som har fått påvist Covid-19 etter å ha vore behandla av den svenske vikarlegen ved Nordfjord Sjukehus, fortel til Fjordingen at legen ikkje brukte munnbind.


Etter at det måndag 22. juni kom nye krav til testing av helsepersonell frå Sverige og land utanom Norden, blei desse innført i Helse Førde. Dei skal også nytte munnbind i ti dagar etter ankomst.