NHO Reiseliv:

– Steg tilbake frå kanten av stupet

Illustrasjonsbilde.  Foto: Gunnhild Sindre

New Articles

Frå 15. juli får turistar frå fleire land i Europa kome til Norge.

– Dette er eit steg tilbake frå kanten av stupet, ifølgje direktøren i NHO Reiseliv.

– Denne opninga vil ha enormt mykje å seie for norsk reiseliv. Å ta imot gjester frå land som Nederland, Italia, Spania og særleg Tyskland kan gi moglegheiter for bookingar òg etter at nordmenn dreg heim frå fellesferie, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

Ifølgje tal frå SSB frå sommaren 2019 er det flest europeiske gjester som kjem til Norge frå landa Tyskland, Nederland, Sverige, Frankrike, Storbritannia, Danmark, Spania og Italia. Tyskarar stod for heile 1,5 millionar av desse overnattingane.

Øvst på ønskjelista til reiselivsnæringa når det gjeld ferieopning for nordmenn og reisande til Norge, har nettopp vore Tyskland og Hellas.

NHO Reiseliv etterlyser at regjeringa no aukar marknadsføringsmidlane til Innovasjon Norge som eit ledd i å byggje opp att reiselivet.

– Det er heilt nødvendig å fylle på kassa til Innovasjon Norge, slik at vi kan marknadsføre reiselivet opp mot viktige land som Tyskland. Vi er i ein eksepsjonell situasjon, og regjeringa må vere fremoverlente med desse midlane, seier Krohn Devold.

(©NPK)