Heider til Paul Hatledal

Æresmedlem: Leiaren i Hornindal og Markane skyttarlag, Paul Hatledal, er utnemnd til æresmedlem i laget. Det skjedde på 70 årsdagen hans.  Foto: Inge Fænn

New Articles

Leiaren i Hornindal og Markane skyttarlag, Paul Andreas Hatledal, er utnemnd til æresmedlem i laget. Utdelinga skjedde på siste dag av det årvisse Olsokstemnet på skytebana i Markane. Leiaren i Nordfjord Skyttarsamlag, Per Tore Taklo stod for utdelinga saman med styremedlem i laget, Thore Heggen.