Ny krisepakke for frivilligheita

Har laget ditt tapte inntekter grunna korona-tiltak?

Tapte inntekter: Ein ny krisepakke frå regjeringa kan søkjast på om ein tilhøyrer det frivillige og har tapt betydelege inntekter grunna korona. Det kan vere tap av billettinntekter, parkeringsinntekter eller kioskinntekter. Også andre typer inntekter kjem under ordninga. Bildet er meint som eit illustrasjonsbilde, og er henta frå ein konsert med Mats Hansen og Vidar Villa.   Foto: Roy Aron Myklebust

New Articles

Ein ny korona-krisepakke for frivillige lag og organisasjonar er klar, melder Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydelege inntektstap frå arrangement eller anna spesifisert aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av staten i samband med COVID-19-utbrotet.

Krisepakke 2 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. august 2020, og søkjarane må vere registrerte i Frivilligregisteret. Det kan søkjast om:

  • Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden. For eksempel tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarknad eller kioskinntekter.
  • Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden, for eksempel museer, akvarier, kinoar eller idrettsanlegg.
  • Tapte utleigeinntekter i perioden, som utleige av bygningar, anlegg, hytter, båtar og andre rom og lokale.
  • Tapte inntekter som følgje av at organisasjonen har mista oppdrag i tilknyting til eit arrangement eller anna spesifisert aktivitet.

Ein kan lese meir om støtteordningane på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.