Påkøyrsel ved Loen Skylift

Illustrasjonsfoto.  Foto: Thomas Thaule

New Articles

Politiet melde litt etter klokka 09.00 laurdag morgon at ein bil var påkøyrt bakfrå ved Loen Skylift.

- Det heile var ganske udramatisk. Det var ein bil som skulle svinge av til parkeringsplassen ved Loen Skylift, og ein bil som kom bakfrå som køyrde i denne, forklarar politioverbetjent Vidar Stavik.

- Bilane er køyrbare, men personen i bilen som stod stille klagar over smerter i nakke og er køyrt til legevakta på Nordfjordeid, opplyser han.