Slik skal ein sikre smittevernfagleg forsvarleg drift

Dette er sjekklista for serveringsstadane

Serveringsstadane har ei lang liste sjekkpunkt som skal sikre forsvarleg drift.  

New Articles

NHO reiseliv har utarbeidd ein eigen bransjestandard for smittevern i serveringsbransjen. Denne er lagt til grunn for sjekklista som Stryn kommune har sendt serveringsstadane, og som skal sikre smittevernfagleg forsvarleg drift.

Blant tiltaka er bordservering av alkohol, ein meter avstand mellom bordoppsett, unngå deling av menyar og ketsjupflasker og maks tjue personar i ei gruppe.

Smitteverntiltak:

  • Sjuke gjestar og tilsette må halde seg heime.
  • Unngå trengsel ved inngang, bardisk, toalett etc. - vurder tiltak for å organisere kø.
  • Gjestar må ikkje stå tett samla i lokalet, men hovudsakleg sitte ved bord.
  • Serveringsstadar som har skjenkeløyve, skal ha sitjeplasser til alle gjestar, og all skjenking av alkoholhaldig drikke skal skje ved bordservering.
  • Talet gjestar rundt eit bord må ikkje vere større enn at serveringsstaden klarar å overhalde smitteverntiltaka med maksimalt 20 personar i ei gruppe. Legg til rette for 1 meters avstand mellom gjestar.
  • Det skal være minst 1 meter avstand mellom bordoppsett innandørs og utandørs. Pleksiglasvegg o.l. kan kompensere for avstandskravet.
  • Legg til rette for kortbetaling og anna kontantlaus betaling.
  • Unngå deling av menyar, serveringsbestikk, ketsjupflasker, vassmugger, saltbøsser og all anna mat og utstyr som er meint for deling.
  • Syt for hyppig reinhald av alle utsette kontaktflater. Husk å bruke rein klut.
  • Gjestar vert oppmoda til god handvask og det er sett ut Antibac eller liknande ved inngang/ bardisk ved behov.
  • Tilsette må kunne halde 1 meters avstand til kvarandre ved vedvarande arbeid på kjøkken etc. Det er greitt å passere kvarandre eller stå nærare i kort tid av gangen.
  • Syt for god opplæring av alle tilsette.
  • Tilsette bør jobbe i faste team så langt det lar seg gjere, for å unngå smitte mellom tilsette.
  • Det vert utpeika ein smittevernansvarleg for kvart skift