UM i friidrett:

Fire hundredel frå finale

UM i friidrett: Ruben Alexander Eide Gjerde deltek på 100 m og i lengde i UM i friidrett på Jessheim.  Foto: Thomas Thaule

New Articles

UM i friidrett går av stabelen på Jessheim, og Ruben Alexander Eide Gjerde frå Olden var første lokale utøvar i aksjon.

15-åringen sprang 100 meter på tida 12,12 fredag, og då status skulle gjerast opp var han berre 4/100-dels sekund frå ein plass i finalen. Ruben sprang i bane sju i det tredje og siste heatet, eit heat som var noko uheldige grunna ein del motvind.

Jakob Slåtten frå Jølster sikra seg ein finaleplass med tida 11,92. Sebastian Berntsen frå Tønsberg Friidrettsklubb hadde dagens raskaste tid med 11,40. Totalt 23 utøvarar deltok på 100 meter.

Ruben deltek også i lengde under ungdomsmeisterskapet. Maja Fuglestrand Baade (spyd) og Steffen Melheim (diskos) deltek også frå Olden IL.