Steffen Melheim (17) i UM

Kasta til gull

Olden-IL utøvaren tok ein suveren gullmedalje under UM på Jessheim søndag

Tok UM-gull Steffen Melheim vann ein suveren gullmedalje for Olden IL i diskos på Jessheim søndag. Han kasta over 19 meter lenger enn andremann.  Foto: Jørund Årdal

New Articles

Diskoskastaren frå Olden gjekk heilt til topps under UM i fridrett på Jessheim søndag. Då han kasta diskosen 57,51 meter på sitt sjette og siste kast, kunne Steffen Melheim hente heim nok ein gullmedalje.

Med fem deltakarar i G 17-klassa var Steffen klar favoritt i det som ikkje vart ein særskild spennande konkurranse. Med kast over 19 meter lenger enn nummer to på pallen, var sigeren suveren. Likevel er Steffen berre "sånn passe nøgd"

- Teknikken sat ikkje heilt slik den skulle og det var ikkje ideelle forhold, men målet var å ta gull så eg er sjølvsagt nøgd med det. UM er jo det største så langt i år, seier Steffen på telefon frå Jessheim.

Den unge Olden IL-utøvaren har allereie hevda seg internasjonalt

Han viser til at sigerskastet på 57,51 meter søndag er langt bak sin personlege rekord på 65,79 meter, så han har litt å jobbe med fram mot NM i Bergen 18- 20. september.

- Der er det to-tre andre utøvarar på eit svært høgt nivå. Eg må få på plass nokre detaljar i teknikken fram mot NM, for det blir nok ikkje ein suveren siger der, seier Steffen.

Elles blir det ei roleg feiring av den nye gullmedaljen for den etterkvart så meritterte 17-åringen.

- Eg skal feire med ein is og eit glas brus, humrar Olden IL-utøvaren som og glede seg over at det også har gått veldig bra for klubbkameratane under UM i Jessheim.


Strålande innsats i UM i friidrett:

Sølv til Maja og bronse til Ruben