Nye E39:

Slik kan bilturen bli mellom Byrkjelo og Grodås

– Det er ganske fantastisk at ein kan redusere reisetida så mykje som dette, seier leiar for transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Helge Orten

Slik kan bilturen bli mellom Byrkjelo og Grodås

New Articles

Under samferdselskonferansen i Loen redegjorde Statens vegvesen for status for E39 Byrkjelo - Grodås som vil korte ned reisetida mellom Ålesund og Bergen med meir enn klokketime.

"Kost- nytte" var eit hyppig brukt uttrykk under konferansen der prosjektleiar i Statens vegvesen, Svein Reidar Dale orienterte korleis vegvesenet ser for seg å korte ned kostnadane frå 12 milliardar kroner til 8,6 milliardar kroner.

Dale tala for å ta inn breidden på vegen frå 12,5 meter til 9 meter og dele opp prosjektet i to, der Byrkjelo - Svarstad utgjer første og prioriterte del.

- Med stopp på Svarstad kan ein redusere kostnadane med 3-4 milliardar kroner og auke sjansane for at E39-utbygginga i Nordfjord kjem raskare i gang, sa Dale og prosjektleiar for ferjefri E39, Tore Askeland frå podiet.

Reisetid er eit viktig argument

Det er den store innsparinga av reisetid og at vegen vil knyte saman nye bu- og arbeidsmarknader som blir vektlagt når ein omtalar dette prosjektet, noko også leiaren for transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Helge Orten (H) poengterte.

– Det er viktig at Statens vegvesen optimaliserer prosjekta. Eg er oppteken av at ein bygger veg ut frå behova ein skal stette, at behova styrer standarden. Det er ganske fantastisk at ein kan redusere reisetida så mykje som dette. For næringslivet spesielt og for dei som har det som bu- og arbeidsregion, sa Orten.

Svein Sunde i Gode Vegar AS seier at dette er den delen av E39 mellom Trondheim og Bergen som gir størst nedkorting av reisetid.

- Fornuftig å dele opp prosjektet

- Det er sjølvsagt eit svært viktig argument for denne vegen, seier Sunde som meiner vegvesenet sine forslag til innsparingar er fornuftige.

- At ein i første omgang går for Byrkjelo - Svarstad er fornuftig då det er denne strekninga som gir størst nedkorting av reisetid. At ein kortar inn vegbanen til ni meters breidde betyr at vegen ikkje får midtdelar, men kommunedelplanen gir rom for å utvide vegen i ettertid, seier Sunde.


Ordføraren likte godt det han fekk presentert i høve E39:

– Fordelen er at vi kan få realisert det med størst gevinst tidlegare


- Det kviler eit ansvar på Gloppen kommune

Det som no står att for at E39 prosjektet skal oppfylle grunnlaget til å vurdert til NTP, er at Gloppen kommune godkjenner vegvesenet sitt forslag slik både Stryn og Hornindal har gjort. Dale opplyste at partane skal ha møte om dette 30. september.

- Det kviler eit ansvar på Gloppen kommune om det blir tunnel gjennom Utvikfjellet. Vi forventar at Gloppen kommune godkjenner dette og eg opplever at ordføraren i Gloppen også ønskjer tempo i denne saka, seier Sunde.

Han seier det er vanskeleg å spå oppstart av vegarbeidet pr idag, men trur prosjektet kan vere klart til første planperiode som strekk seg frå 2022 til 2027.