Steffen Melheim

Står over NM i Bergen

Står over NM Steffen Melheim frå Olden   Foto: Thomas Thaule

New Articles

Olden IL-utøvaren Steffen Melheim (17) har valt å stå over NM i friidrett på Fana stadion i Bergen komande helg.

Melheim, som vann eit suverent UM-gull på Jessheim 30. august, seier han ikkje er i konkurranseform og held fokus på neste sesong.

- Sidan det er såpass seint på året har eg lagt om treninga som skal gi meg best mogleg grunnlag før neste sesong. Eg er ikkje så god konkurranseform no som eg ville ha vore i juni, juli og august. Difor har eg valt å stå over, seier Melheim til Fjordingen.