Oskar og Maren med god sprint i NM

Sterk prestasjon: Oskar Guddal Breivik frå Markane IL og Stryn vgs tok ein flott 9. plass i klasse M19 i NM i rulleskiskyting laurdag.   Foto: Team Stryn Energi Nordfjord

New Articles

Oskar Guddal Breivik og Maren Hjelmeset Kirkeeide frå Stryn vgs og Markane IL gjekk inn til sterke plasseringar i NM rulleskiskyting. Breivik tok ein flott 9. plass i konkurranse med 39 løparar i klasse M19, medan Kirkeeide vart nummer seks blant dei 14. startande i klasse K18.

Breivik skaut bra og pådrog seg berre to strafferundar. Han gjekk i mål vel halvtanna minutt bak vinnaren Vemund Kragh, og hadde berre dryge halvminuttet fram til bronsemedaljen. Kirkeeide hadde ikkje fullt så god utteljing på standplass, og med fem strafferundar hamna ho ca 1,45 bak vinnar Synne Mæland-Herheim.

Sjetteplass: Maren Hjelmeset Kirkeeide i aksjon på sprinten.  Foto: Team Stryn Energi Nordfjord

I M19 finn vi også Jens-Henrik Hegg frå Stryn vgs og Vik IL på ein flott 12. plass. Emil Hage Streitlien, Stryn vgs og Folldal IL, vart nummer 17, Ask Haughovd, Stryn vgs/Stårheim IL nummer 2o og Lasse Flo Bødal 28.

I klasse K19 gjorde Eid-løpar og landslinjeelev Oselie Henden eit godt løp og vart nummer fem. Ingrid Heggen, Stårheim/ Stryn vgs vart nummer 12.