Takka for seg som nestleiar i Stryn Energi

Styreleiaren takka ja for eit år til.

Takka for seg Sissel Loen gir seg som nestleiar i Stryn Energi etter 8 år i vervet  Foto: Roger Oldeide

New Articles

Under Stryn energi si generalforsamling torsdag vart det samrøystes vedteke at Stryn kommune tek 750.000 kroner i utbyte for 2019 mot 1,5 millionar kroner som tidlegare år. Det vart og vedtatt kven som skal site i styret det neste året.

Rune Egil Myklebust fekk fornya tillit som styreleiar, medan Arve Glomnes vart valt til ny nestleiar.

I styret elles sit Anne-Siv Jevnehagen, Jorunn Skrede, Åsmund Skår og Hans Olav Bø. Sistnemnde som tilsettrepresentant.

Nestleiar Sissel Loen takka for seg som nestleiar under generalforsamlinga torsdag, medan styreleiar Rune Egil Myklebust takka ja til eit nytt år som styreleiar. Myklebust har vore leiar sidan 2012.  Foto: Roger Oldeide

Nesteiar i Stryn Energi over dei siste 8 åra, Sissel Loen, takka for seg og fekk applaus for sin innsats i selskapet.

- Eg er trygg på at selskapet er i dei beste hender, også i åra framover, sa Loen frå talarstolen

- Åra i Stryn Energi har vore heilt fantastisk. Spesielt dei siste åra har bransjen vore prega av mange omstruktureringar. Ein kjem truleg til å sjå fleire fusjonar som følge av større krav til effektivitet og lønsomheit i åra framover, seier Loen til Fjordingen.

Ho støtta avgjerda om delvis utbyte sjølv om selskapet står føre større investeringar og oppgraderingar dei neste åra.

- Ja, det gjer eg. Situasjonen i selskapet tatt i betraktning og med bakgrunn i kommunen sitt utbyte på 1,5 millionar kroner er det riktig å møtast på halvvegen med eit utbyte på 750.000 kroner, seier ho.