Busstreiken er i gong

Streikar Fleire bussjåførar er tekne ut i streik  Foto: Thomas Thaule

New Articles

- Det er busstreik i Vestland gjeldande frå laurdag 26. september klokka 05.00. Dette har omfattande konsekvensar for busstilbodet i heile fylket, skriv busselskapet Kringom på eigne nettsider.

I Vestland fylke vil det gå nokre få enkeltturar i nokre ruteområde. Båt og ferge vil køyre som normalt.

Kringom har lagt ut liste over kva bussruter som førebels går som normalt.

Busselskapet Skyss melder om at ingen av Skyss sine bussar køyrer som normalt som følge av streiken. Heller ikkje reiseplanleggaren blir oppdatert med innstilte avgangar, skriv selskapet.


Busstreik kan råke skuleskyssen i Stryn hardt

Ein eventuell busstreik vil råke skuleskyssen i Stryn hardt.


Årsaka til streiken er mellom anna krav om høgare løn.

NHO Transport er i forhandling med Fellesforbundet, Yrkestrafikkforbundet, Jernbaneforbundet og Fagforbundet som forhandlar på vegne av nesten 12.000 bussjåførar over heile landet.

Pr. i dag er 8500 bussjåførar ute i streik, melder NRK