Formannskapet støttar fritak frå eigedomsskatt

Formannskapet støttar at eigaren av storsalen i Villa Visnes får fritak frå eigedomsskatt på dette arealet.  Foto: Roger Oldeide

New Articles

Formannskapet følgde tilrådinga frå kommunedirektøren og vedtok å imøtekome søknaden frå Arne Visnes Berger om fritak for kommunale avgifter og eigedomsskatt for næring i storsalen i Villa Visnes. Bustaddel og fellesareal i førsteetasje er ikkje friteke for skatt og avgifter. Saka skal endeleg vedtakast i kommunestyret.