Sport und Spas i kveld:

Langrenns-leksjon med Hatledal og Gotaas

Folklorist og forfattar Thor Gotaas blir saman med Per Hatledal gjest i kveldens Sport und Spas på Radio Stryn. 

New Articles

Onsdag kveld er gjengen i Sport und Spas klare med ny sending. Skisesongen nærmar seg og i denne utgåva tek dei ein prat med ei av dei verkeleg store eldsjelene i langrennssporten gjennom mange år, Per Hatledal.

Løparen og eldsjela frå Markane har lagt ned eit utal timar som utøvar og trenar, men også i gravemaskina då skianlegget Ullsheim vart bygd ut.

Med på telefon blir også forfattar, folklorist, føredragshaldar og skientusiast Thor Gotaas for å reflektere litt rundt skisporten før og no. Han er eit fyrverkeri å høyre på, så her lovar lokalsportmagasinet både folkeopplysing og underhaldning i eitt og same program.

Det blir også ein prat med Hedda Vatn Øvreberg. 20-åringen frå Stryn spelar for fotballklubben Åsane som tilhøyrer nest øvste nivå i divisjonssystemet.

Sendinga startar kl 20.30 på Radio Stryn, nettradio eller på FM-bandet.