Endringar i sentrale roller i skule- og kultursektoren

Stryn kommune søkjer etter ny kulturskulerektor og vikar til stillinga som avdelingsleiar for kultur.  Foto: Thomas Thaule

New Articles

Det ligg an til endringar i sentrale posisjonar knytt til skule- og kultursektoren i Stryn kommune. Det vert i desse dagar søkt etter ny rektor for kulturskulen. Det er Linda Gytri som har denne jobben i dag, og ho har vore i stillinga sidan august 2018. Stillinga blir ledig frå 1. januar 2021, opplyser kommunen.