Nattestengt på Oldedalsvegen

Blir nattestengt: Oldedalsvegen blir nattestengt fram til torsdag morgon.  Foto: Thomas Thaule

New Articles

Fv 5724 Oldedalsvegen blir nattestengt frå klokka 20.00 onsdag kveld til klokka 07.00 torsdag morgon. Utrykkingskøyretøy kan passere. Det opplyser Statens vegvesen.

Oppryddingsarbeidet etter det andre jordraset onsdag morgon pågjekk utover dagen i dag.

Geologar frå Vestland fylkeskommune var på rasstaden onsdag for å vurdere situasjonen.

Geolog: Geolog Tore Medgard vurderte rasområdet mellom Strand og Gjerde i Olden onsdag ettermiddag.  Foto: Thomas Thaule

- Det er mykje blaute massar det er snakk om, og det har kome meir nedbør enn vi såg føre oss siste dagane, seier geolog Tore Medgard til Fjordingen.

- Korleis ser det ut i fjellsida der rasa har gått?

- Det er mykje masse som er vaska ut, og det har demma seg noko opp nokre stader, seier Medgard som ikkje kan utelukke fleire ras om det kjem meir nedbør.

- Difor vil det bli nattestengt i og med at det er meld noko nedbør i natt, seier Medgard.


Oldedalsvegen stengt på nytt

Stort jordskred stenger vegen på same staden


Over 50 lastebillass med massar frå dei to rasa i Olden er køyrt vekk.  Foto: Thomas Thaule

Opprydding på fv 5724 Oldedalsvegen.  Foto: Thomas Thaule

Opprydding på fv 5724 Oldedalsvegen.  Foto: Thomas Thaule

Opprydding på fv 5724 Oldedalsvegen.  Foto: Thomas Thaule

Dei to jordrasa som gjekk på same plassen med få dagars mellomrom vart utløyst høgt oppe i fjellsida.   Foto: Thomas Thaule