Bom stopp og heilsprekk for bøarane:

- Det var så dårleg at det nesten ikkje går inn på meg

Johannes Thingnes Bø vart berre nummer åtte i Oberhof.  Foto: Manzoni/IBU (arkiv)

New Articles

Utgangspunktet var det beste for Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø på dagens jaktstart i Oberhof. Johannes gjekk ut først, med Tarjei 10 sekund bak. Dessverre skulle brørne etter kvart få ekstra god kjennskap til strafferunden.

Tarjei Bø hadde sigeren i lomma før siste skyting på jaktstarten, og dei tre første skytingane hadde gitt 15 treff av 15 mulege. Bøaren kom åleine inn til siste skyting, men heile tre blinkar stod att etter at siste serie var gjennomført. Dermed var det takk og farvel til topplassering for Tarjei Bø. Johannes Dale og Sturla Holm Lægreid gjekk ut på sisterunden før 32-åringen, og stryningen måtte skuffa ta til takke med tredjeplassen.

Tarjei Bø gjekk inn til 3. plass på jaktstarten i Oberhof.  Foto: Manzoni/IBU (arkiv)

Kometen Sturla Holm Lægreid knekte Johannes Dale, og sikra seg nok ein verdscupsiger.

Endå verre gjekk det for Johannes Thingnes Bø som kom på 8. plass. Også han låg særs godt an, men på tredje skyting var det bom stopp med heile fire strafferundar. Til saman måtte Thingnes Bø tole ikkje mindre enn sju strafferundar, og han skildra tredje skyting som ein "timeout i hjernen".

- Det var så dårleg at det nesten ikkje går inn på meg, sa 27-åringen til NRK.