Vaksinering av Helse Førde-tilsette startar måndag

Måndag morgon får den første tilsette i Helse Førde vaksine mot korona.

Illustrasjon vaksinering  Foto: Helse Førde

New Articles

Helse Førde har i første omgang fått eit avgrensa tal vaksinedosar som skal setjast på ei prioritert liste av medarbeidarar frå alle tre sjukehus. Første dosen kronavaksine blir sett måndag morgon, opplyser helseføretaket i ei pressemelding.

- Vi er glade for å kunne gå i gang med dette arbeidet, for det er viktig å verne dei som arbeider i sentrale og pasientnære funksjonar. I denne første runden vil ingen av profesjonsgruppene bli fullvaksinerte, seier fagdirektør Evy-Helen Helleseth. – Det ligg mykje arbeid bak å velje ut dei gruppene vi meiner er viktigast å vaksinere no først, men vi har fått klar ei prioritert liste over kven som vil få vaksinen. Det er på langt nær så mange som vi kunne ønska oss.

I første omgang har Helse Førde fått tildelt rundt 340 dosar. Dette er altså ikkje tilstrekkeleg til å vaksinere alle medarbeidarar som bør ta vaksinen, men det er gjort ei prioritering utfrå tilgjengeleg vaksine.

Helse Førde er eit lite helseføretak med mange små og sårbare fagmiljø. Helleseth understrekar at vaksinering av helsepersonell som arbeider i sjukehus er eit svært viktig tiltak. Ho minner om at berre eitt enkelt smittetilfelle blant tilsette kan utløyse karanteneplikt for mange kollegar, og dermed lamme heilt sentrale funksjonar på sjukehuset.

- Dette arbeider vi hardt for å unngå, og vaksinering er ei svært viktig hjelp i dette arbeidet, seier Helleseth.