Potensielle kulturminne set kabling av høgspent på vent

Høgspentnettet i Oldedalen skal leggjast i kabel og mykje av grøftene vil gå over dyrka mark. Seksjon for kulturarv i Vestland fylkeskommune krev arkeologisk registrering før tiltaket kan startast opp.

Kabling av høgspentlinja i Oldedalen må truleg utsetjast i tid på grunn av arkeologisk registrering. Her frå strekking av fiberkabel i Oldedalen i 2014.  Foto: Privat

New Articles

Brenett, som er tiltakshavar, påpeikar i sin søknad til Stryn kommune at det på grunn av tilhøva med grunnvatn må gravast vinter/vår, og at ein difor ikkje har meir enn tida og vegen for å få alt på plass.