To nye koronatilfelle i Stryn

  Foto: Gunnhild Sindre

New Articles

Stryn kommune melder om to nye koronatilfelle.

Tysdag kveld fekk kommunen informasjon om at to personar som har kome tilbake frå eit land med høgt smittepress har fått påvist koronavirus etter obligatorisk test tatt i Stryn måndag. Desse personane har vore i karantene etter dei kom til Stryn. Dette har ikkje utløyst fleire i karantene.

Ingen fleire har testa positivt i Stryn reletart til eit smittetilfelle med ukjend kjelde i helga. Smittekjelda er framleis ukjend.

Fordi det er ukjend smittekjelde må alle vere nøye med smittevern-anbefalingane, og ha låg terskel for å teste seg. Vi har fortsatt tett kontakt med Volda kommune, og per no er det heller ikkje blitt rapportert om ny smitte frå dei. Slik situasjonen er no, er det ikkje grunnlag for å setje i gong andre tiltak, skriv Stryn kommune i ei pressemelding.


Koronatesting flytta til Visnes

Koronatesting i Stryn kommune er no flytta frå kulturhuset til Visnes Industripark.