Sjåfør mangla førarrett på vogntoget

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

New Articles

Statens vegvesen hadde tungbilkontroll ved Kjøs bru tysdag.

Ein førar vart meld til politiet for manglande førarrett på vogntoget han køyrde. Det vart også skrive ut to mangellappar for tekniske manglar som gjaldt manglande underkøyringshinder, luftlekkasje og sidehinder.

Ein førar måtte smørje svingskiva på køyretøyet før vidare køyring, skriv vegevsenet i sin kontrollrapport.

199 køyretøy var innom kontrollplassen, 38 av dei vart kontrollerte nærare.