Straumlaust i Lodalen - tilbake i Olden

Både i Oldedalen og Lodalen er der abonnentar utan straum tysdag.  Foto: /Illustrasjonsfoto: Roy Aron Myklebust

New Articles

Oldedalen og deler av Olden har vore utan straum sidan like før midnatt, natt til tysdag. Men omlag klokka 10.30 tysdag føremiddag var den tilbake i dei fleste husstandar. I følgje Brenett er det no kun Håheimslinja med nokre få husstandar som er utan straum.

Også i Lodalen, frå Sæten og innover dalen, vert det opplyst frå Brenett at det er feil på straumnettet. Her må dei avvente tiltak til det er trygt å lokalisere feilen. Det har gått ras og vegen er for tida stengt.