Slagsmål ved brannstasjonen

Ilustrasjonsfoto, Stryn brannstasjon.  Foto: Roy Aron Myklebust

New Articles

I følgje Firda skal politiet ha motteke melding om slåsting ved brannstasjonen i Stryn, natt til søndag.

- Ein konflikt skal ha ført til at det oppstod eit slagsmål. Det er snakk om både slag og spark, men det ser ikkje ut til at nokon har hatt behov for legehjelp, opplyser Stine Mjelde ved Vest politidistrikt til Firda.

Politiet rykte ut til staden men klarte ikkje å få oppklart kva konflikten dreia seg om. Det er enno ikkje klart om nokon av partane vil politimelde forholdet. Det er heller ikkje avgjort om politiet sjølv vil opprette sak, skriv Firda.

Området er videoovervaka og politiet skal i følgje avisa ha henta inn videoen der sjølve slagsmålet er fanga opp.